Katolsk Studentlag i Oslo er en forening for studenter, akademikere og andre interesserte.
Vårt formål er å være en møteplass for katolikker ved høgskolen og universitetet i Oslo.

 

Vest er best!

22.04.11

Haldninga til arbeid har med økonomiske og politiske rammevilkår å gjere. Men òg med kva ideal og forventingar ein er oppseda med og kva slags kulturell atmosfære ein lever i. Dette blir prega av dei impulsane som rettar seg mot dei djupaste aspirasjonane i mennesket, til det som formar samvitet og karakteren.

Skribent

fr. Arnfinn Haram O.P.

Fyrst publisert i Signert, Klassekampen, laurdag 16/4-11…

I VG, fredag 7. april, les eg at det er ei overtydeleg skilnad i arbeidsmoral mellom dei norske landsdelene. Vest er rett og slett best. Her går folk minst på trygd, her er det minst sjukmeldingar og minst skulking frå jobben. Røft rekna gjeld det Vestlandet frå Møre til og med Rogaland.  I dette området føregår også femti prosent av den nasjonale verdiproduksjonen – sjølv når ein held olje og gass utanfor – utført av tjue prosent av folkesetnaden i landet. Det er altså sviande klårt at det er noko med vestlendingen. Ein av dei som blir intervjua om saka,  seier at ho lurer på kva det kan  vere.

Ei sosiologisk undersøkjing vil kunne  svare på dette, noko som vil vere av stor interesse, spør du meg.  Eg prøver meg likvel med ei delforklaring som eg trur har mykje for seg. Det har med kultur og mentalitetar å gjere. Ein av faktorane er religionen. I den norske, kulturelle mytologien står Vestlandet for pietisme og markert kristendom.  Her har både bedehuset og kyrkja hatt størst opplsutning, her er det svart, dystert, trangsynt og dumt.  Klisjeane og fordomane står i kø. Ifylgje myten skal den puritanske og pietistiske kristendomen vere så fokusert på det hisidge – det vere seg himmel eller helvete – at folk ikkje bryr seg om verda og samfunnet rundt seg.  Jorda er ein jammerdal som ein berre skal kome seg unna snarast råd.

At tradisjonell kristentru har stått sterkt vestpå, er velkjent. Hans Nielsen Hauge og den etterfylgjande haugianarrørsla fekk stertkt innpass her, og seinare evangeliske og lågkyrkjelege vekkjingsrørsler har hatt djuptgåande innverknad på folkelivet, anten folk har vore personleg truande eller ikkje. Desse rørslene kunne heller ikkje hatt slik apell og gjennomslagskraft dersom ikkje kristen og kyrkjeleg opplæring hadde gjort seg gjeldande på førehand. Folk flest las og song, ofte tunge og krevjande tekster som også blei portalar til den historiske og over-nasjonale kulturarven.  Vestlendingen vart ’lesar’.

Er ikkje dette etoset typisk protestantisk? Jau. Men det er gode grunnar for å sjå den klassiske protestantiske kallsetikken og arbeidsmoralen som ei demokratisering og utviding  av det mellomalderske og oldkyrkjelege klosterkallet. I Vesteuropa  blei den monastiske etikken utforma av Benedikt av Nursia (500-talet), og hans klosterregel, St Benedikts regel, har sett djupe spor i europeisk samfunnsutvikling. Sjølv om  vi ikkje finn sjølve ordlyden i regelteksten, oppsummerer mottoet ”ora et labora” (be og arbeid) mykje av dei benediktinske ideala. Nøysemd, eit enkelt liv, arbeidet sett som ei teneste  er dygder som inngår i denne livsinnstillinga. Norsk haugianisme og vekkjingskristendom har vore ei folkeleg intensivering og vidareføring av spiritualiteten i katekisme, salmebok, liturgi og oppbyggjingslitteratur, og i underlaget for dette finn vi også  noko av den monastiske tradisjonen, tillempa og omforma.

Haldninga til arbeid har med  økonomiske og politiske rammevilkår å gjere. Men  òg med kva ideal og forventingar ein er oppseda med og kva slags kulturell atmosfære ein lever i.  Dette blir prega av dei impulsane som rettar seg mot dei djupaste aspirasjonane i mennesket, til det som  formar samvitet og karakteren.  Grunnleggjande førestellingar om menneskeleg fridom og ansvar  spelar også ei avgjerande rolle. Det er på dette djuptliggjande nivået  tru og religion øver sin innverknad, meir enn  ad hoc-kampanjar og reint politisk moralisme.

Ein  bør ikkje bruke religion som drivstoff for nyttige formål, som t d betre arbeidsmoral. Tru og livssyn må vere motiv gode nok i seg sjølve. Men av og til er det ikkje dumt  å tenkje over at kva folk trur på, gjev utslag på arbeidsstatistikken. Og på Noregs-kartet.

 
Katolsk Studentlag hovedside
Søk i nettstedet  
avansert søk  

ENGLISH