Katolsk Studentlag i Oslo er en forening for studenter, akademikere og andre interesserte.
Vårt formål er å være en møteplass for katolikker ved høgskolen og universitetet i Oslo.

 

Religion og revolusjon

15.04.11

Sjølv norske media har ikkje kunna unngå å formidle bileta frå Tharir-plassen i Kairo, med titusenvis av demonstrantar i bøn. Offentleg bøn. Tydleg bøn, med heile kroppen som uttrykksmiddel, ikkje sjenert norsk inderleggjering. Som om ein vil seie: -Her er vi, vi demonstrerer og vi bed. Demonstrasjon og bøn høyrer saman, det er menneske som i fellesskap manifesterer noko som er yttarst viktig for dei. Bøn er også manifestasjon.

Skribent

fr. Arnfinn Haram O.P.

fyrst publisert i Signert-spalten, Klassekampen, laurdag 13. februar.

Eller dei kristne som slår ring rundt dei bedande muslimane så dei kan be i fred. Og muslimane som aktivt syner si støtte  til dei koptiske kristne som blei angripne i katedralen sin for ei tid sidan. Desse inntrykka forstyrrar det gjengse norske biletet av religion som noko som skal haldast i privatsfæren eller som symboliserer krangling og ufred.

Bileta av bedande demonstrantar framstår som teikn på ein annan måte å tenkje på. Dei syner oss ein tredje veg i tilhøvet mellom religion og politikk. Norsk og vestleg opinion har køyrt seg fast mellom to variantar: Anten tenkjer ein seg offentleg tru og religion som dominerande og eventuelt statsberande ideologi. Eller så skal det religiøse livet ”halde seg heime”, forbli i privatlivet for dei som måtte ynskje det.  Viljen til å gjennomføre denne plasseringa skifter frå mildt nedlatande aksept til aggressiv motstand. Ofte framsteller ein det som om kyrkja og vestleg religion har vore fornuftige nok til å la seg temje og marginalisere, og ein argumenterer for ei tilsvarande utvikling i andre samfunn. Religionen skal få vere med i selskapet, viss han er snill.

Det har alltid undra meg at nokon går ut frå at truande menneske skal la seg by ei slik disiplinering. Som ein slags rampunge som har skjerpa seg. Det har like mykje undra meg at det faktisk finst truande som syns det er greitt å bli oppfatta og behandla slik. For ein brødbit og litt velvilje kan vi visst venje oss til alt.

Enn om truande menneske ikkje nødvendigvis ynskjer å ha institusjonell eller statleg overmakt? Enn om dei ikkje ynskjer at lovverket skal tvinge gjennom verdiar som ikkje har oppslutning i folket? Enn om dei berre ynskjer fridom til å stå for si tru og å kunne debattere og argumentere for si overtyding som alle andre, saman med alle andre? Enn om dei ynskjer at trua skal kunne syne seg offentleg, anten det er i tale eller skrift, på skjermen og i spaltane,  i opptog og prosesjonar, i folkemøte eller liturgi, i karneval så vel som i demonstrasjonar, i dans som i klage? Kan det tenkjast noko meir offentleg, noko som er eit meir felles ’forum’ enn Tharir-plassen, midt i Kairo? Nettopp der fell ein på kne og opnar sine hender, vende mot verda, mot alle dei andre, mot Gud.

Det er sikkert krefter som vil utnytte situasjonen i Egypt til eigne formål. Anten til å grunngje miltær overtaking av samfunnet eller til å etablere eit styresett i islamistisk retning. Men det ikkje gå slik, og uansett vil verda ha sett konturane av eit alternativ; ein visjon som ikkje blir borte, men som kan verkelegjerast i si tid: Eit ope demokrati som gjev fridom til ulike grupper til å vere med å forme samfunnet, til å gje kvarandre rom. Det ville vere ein lagnadstung feil å avskjere dei offentlege religiøse ytringane for å sikre seg mot islamismen. Det fins ingen absolutte garantiar mot despoti, heller ikkje ei såkalla sekulær statsform; verda har sett, og ser stadig, tyranniske sekulære og direkte antireligiøse regime. Mubarak er gjerne ein truande muslim, men styret hans har vore sekulært, stødd av sekulære, vestlege makter og med ei hard line mot islamiserande organisasjonar.

Vi andre må kort og godt lære oss – og gjerne av det som skjer i Egypt, viss alt går bra – at offentleg religion ikkje er det same som å overta samfunnsmakta. Men det er å anerkjenne religionen som ei av mange viktige røyster i eit velfungerande samfunn. I den verda som eg trur framtida inviterer oss til.

 
Katolsk Studentlag hovedside
Søk i nettstedet  
avansert søk  

ENGLISH