Katolsk Studentlag i Oslo er en forening for studenter, akademikere og andre interesserte.
Vårt formål er å være en møteplass for katolikker ved høgskolen og universitetet i Oslo.

 

Lì Madòu

26.11.10

Gaudium et Spes fortel oss at vår tru omfattar meir enn fromheitsøvingar og tilbeding. Om vi trur at vi kan delta i dei jordiske affærar som om dei er avskilte frå vårt religiøse liv tar vi feil. Dei av oss kristne som neglisjerer sine jordiske plikter, gjer dette også mot Gud og sett si evige frelse på spel. Sjølv om dette ofte er noko som blir sett på i samanheng med Kyrka si sosiallære, er det også ei oppfordring om korleis vi bør ta omsyn til misjonsbefalinga. Sosiallæra er ein del av evangeliseringa sitt ministerium. Ein som gjorde dette, var den italienske jesuitten Matteo Ricci, kjend i Kina som Lì Madòu.

Skribent

Peter Kristvik Risholm

Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk. -Apostelgjerningane 17-23.

Han lærde seg den kinesiske kulturen å kjenne, han lærde seg kinesisk og er kanskje ein av dei viktigaste formidlarane av vestleg kultur til det fjerne Austen. I pater Matteo hadde kristendomen blitt ei animerande kraft, hans ynskje var at den same animerande krafta skulle finne vegen inn i den kinesiske kultur ved å lære seg å kjenna den for så at den skulle endra samfunnet og kulturen. Dette kallast Inkulturasjon, kristendomen absorberast i ein kultur, eit samfunn, og i tillegg til at han finn uttrykk for kristentrua her, animerer og transformerer han den nye kulturen. For at eit samfunn skal ta til seg kristentrua, må sjølvsagt dei som bor der også gjera det.

For at misjon skal finne stad må sjølvsagt dei som allereie er truande oppfylle sine plikter. Vi må behandla våre neste med kjærleik, og tala om evangelia til dei. For framleis er det mange stader dette må formidlast. Her i Noreg ikkje minst, framleis i Austen, arabarverda. Sjølv om dette er farlege områder å drive misjon i, trengs det. Dei fleste har nok fått med seg historia til den pakistanske kristne kvinna Asia Bibi som er dømd til dauden fordi ho etter å ha blitt trakassert i lange tider for si kristne tru, blir skulda for å håne Muhammed. Ikkje berre paven, men forskjellige organisasjonar, til dømes Release International, jobbar no med å få sett ho fri. I Kina sitt fredsprisvinnaren fengsla for å ha tala høgt om menneskerettane. Hadde ikkje slike samfunn og kulturar vert tente med å bli kjende med Jesus? Eg meiner det.

PÃ¥ same mÃ¥te som mange stemmer pÃ¥ eit politisk parti fordi dei meiner politikken til dette partiet ikkje berre er noko som ein sjølv er tent med, men fordi heile samfunnet er det, trur eg ogsÃ¥ at katolsk kristendom er noko alle er tente med. No treng ein  ikkje dra heilt til Pakistan eller til Kina for Ã¥ sjÃ¥ dei negative sidene av mangelen pÃ¥ rettskaffen kristentru. Her i vesten misser kristentrua i mange omrÃ¥de taket, mens konsumkulturen berre veks og veks. Vi blir meir opptekne av Ã¥ ha, og blir samstundes meir og meir einsame. Sjølvmord blant eldre i Noreg er blitt eit problem.

Eg meiner vi lev i ei verd som treng kristendomen meir enn nokon gong. For at vi som allereie trur på Jesus og høyrer til Den katolske kyrkja skal gi verda dette, må vi forstå nettopp den verda vi lever i. Det trur eg Den katolske kyrkja i Noreg med alle sine nasjonalitetar og kulturar kan.

 
Katolsk Studentlag hovedside
Søk i nettstedet  
avansert søk  

ENGLISH